Steinstø Frukt- og Kakebu

Like ved fylkesveg 7 ligg fruktutsalet og kafeen vår, Steinstø Frukt- og Kakebu.

Kakebua er no stengd for sesongen.
 
Kakebua opnar igjen for årets sesong Kristi Himmelfartsdag 10.mai!
Velkomne til nye og gamle kundar :-) 
 
Me har deretter ope sundagar og heilagdagar i mai, bortsett frå 17.mai.
Frå 19.mai har me ope laurdagar i tillegg.
 
Frå og med måndag 11.juni har me ope dagleg.
 
 
 
For meny: Sjå facebook - Steinstø frukt- og kakebu.
 
 

Kafeen har eit godt utval kaffimat, inkludert den verdskjende eplekaka vår. Du kan sitja inne eller ute og nyta praktfull utsikt over Hardangerfjorden og Folgefonna i himmelsynet.

Fruktutsalet ligg vegg i vegg med kafèen. Her finn de frukt og bær frå garden, eigenprodusert syltetøy og bakverk, og gardsmatprodukt frå andre lokale leverandørar.

Velkomen!

Lik og følg gjerne Steinstø Frukt- og Kakebu på Facebook!

 
 
 
 

        Rediger